Park

Uglesætra

1 local recommends
Location
2 Fv26
Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Tips from locals

Cecilie
June 4, 2020
Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er eit eldorado for born. Det gamle sætrehuset er restaurert og området rundt er tillaga som leikeområde for born i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlege figurar, området er også tillaga med bord og sitjeplassar. Inne i huset er der fint pynta og Ugleskrinet som er der inneheld små gaver til borna. Der ligg også kart som du kan ta med deg, det viser råsene og alt som er verdt å sjå på fjellet og i skogen på Dimna. Frå Uglesætra går der rås vidare til Ugleskogen med flotte klatretre og Nøkken med familie under ei gamal trerot. Heile dette området er ein stor opplevelse for både store og små.
Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er eit eldorado for born. Det gamle sætrehuset er restaurert og området rundt er tillaga som leikeområde for born i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlege figurar, området er også tillaga med bord og sitjeplassar. Inne i huset er der fint pynta og Ugle…