Point of interest

Laupsnipa

1 local recommends
Location
Larsnes, Møre og Romsdal

Tips from locals

Cecilie
July 30, 2020
Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa. For dei som ynskjer ein meir spektakulær tur kan det vere vel verdt å gå dei 400 meterane ut til Laupskeipen som ligg vesta på Laupsnipa. Dersom du då går heilt ned på sørkanten vil du finne fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet. Turen startar i eit gardstun ca 250 m før snuplassen i Voldneset. Gå opp ein traktorveg ved ei løde, der er skilta med Laupsnipa, følg traktorvegen, den går i sikksakk opp gjennom skogen, du tek til venstre i to vegkryss, når du kjem til enden av traktorvegen går råsa først gjennom skog, når du kjem ut av skogen kryssar du elva og råsa går etter ryggen opp til toppen av Laupsnipa.
Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa. For dei som ynskjer ein meir spektakulær tur kan det vere vel verdt å gå dei 400 meterane ut til Laupskeipen som ligg vesta på Laupsnipa. Dersom du…